Posted by: amschulzes | May 4, 2013

Hvordan bruke musikk i tyskundervisningen

Gjennom å bruke musikk i framandspråksundervisninga får elevane høve til å høyre autentisk tysk og trene på dei munnlege ferdigheitene. Bruk av musikk er òg med på å skape variasjon i undervisninga. Før du vel ut kva slags musikk du vil spele for klassen, bør du stille deg desse spørsmåla:

1. Kva ønskjer eg å oppnå med å bruke musikk i undervisninga?

  • avslapping
  • leik og rørsle
  • song
  • kreativitet
  • variasjon
  • auke tekst-/ordforståinga
  • arbeide med eit spesielt tema
  • arbeide med oppgåver (sjå forslag under)

2. Kva kan ein gjere mens ein lyttar til musikken?

  • høyre heile songen
  • høyre songen vers for vers
  • høyre berre refrenget
  • høyre og sjå (musikkvideo)
  • utan tekst:
    • skrive stikkord som skildrar musikken
    • identifisere instrument
  • med tekst:
    • syngje
    • setje vers i rett rekkjefølgje
    • utfyllingsoppgåver (fylle inn ord i teksten som manglar)
    • kjenne igjen ord og uttrykk (krysse av på skjema)

3. Kva kan ein gjere etter at ein har høyrt på musikken?

  • lage eigne spørsmål til songen
  • svare på utdelte spørsmål
  • lære songen eller delar av songen utenat
  • syngje songen
  • skrive dialogar basert på songen og spele dei for klassen
  • svare på multiple-choice-spørsmål
  • klassesamtale om teksten
  • skildre musikken/kjensler som musikken vekkjer
  • lage ein eigen versjon av songen
  • visualisere innhaldet (digital presentasjon, collage)
  • gloseøvingar
  • grammatikkoppgåver (setje verb i andre tider, markere alle personlege pronomen eller andre ordklassar, endre adjektiva)
    • skrive ein kommentar, tolking eller melding av songen
    • omsetje teksten eller delar av teksten til norsk
Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: